Norges håndheving av Dublin II-forordningen er blant Europas strengeste

For fire veker sia vart det siste stornemdvedtaket frå Utlendingsnemda (UNE) kjent. Den irakiske asylsøkjaren det gjaldt, skulle ifølgje stornemda vera i stand til å ivereta sine eigne interesser ved retur til Hellas. Trønder-Avisa hadde denne veka eit intervju med irakeren, som gir eit anna bilete. 

Hamdi Muhammed Khalil (33) er midt i sjukehusbehandling etter å ha blitt operert i hovudet.

-Eg er djupt uroleg for helsa mi, og eg er redd for å døy, seier han til Trønder-Avisa, på veg til time på nevrologisk poliklinikk på sjukethuset i Namsos.

Han har vore gjennom tre omfattanda operasjoner, dei to første i Irak, og har truleg fått varig skade av dei. Han er delvis lam på høgre sida av kroppen, har epilepsi med sterke anfall, synsproblem, sterke smerter i hovud og bein, og er deprimert.

Khalil er redd for å bli henta av politiet. Han ønskjer å få bli til den medisinske behandlinga er ferdig. Sylo Taraku, konstituert leiar i Noas, meiner Noreg held på å bli eitt av dei strengaste landa i handhevinga av Dublin II-forordninga.

-Une seier dei tar omsyn til sårbare personar, dette tyder ikkje på det. Vi er i dagleg kontakt med våre kollegaer i Hellas, dei fortel at det stadig blir returnert personar frå Noreg som er sjuke og sterkt traumatiserte, seier Taraku.